THK
Kvar haust, i november, har mellomtrinnet ( 5.,6. og 7. kl) på Byrknes skule i Sogn og Fjordane sitt årlege solidaritetsprosjekt: Ukrainaveka.
Dette er sjuande året me jobbar med dette landet, og dei siste åra har me hatt fokus på barne-og ungdomsarbeid generelt, og eit mor - og barnsenter i Korosten spesielt.
Både foreldre og lærarar synest det er viktig at barna våre får kunnskap om barn i andre land, deira kvardag og problem, likskap og ulikskapar. Det har vorte ein del a-ha – opplevingar undervegs,- og mange av elevane har gått heim og funne fram både tjukke gensarar og kjære kosebamsar for å sende til Ukraina. Me kallar prosjektet ”Barn hjelper barn”
I dei to siste vekene før farsdag ( 2. søndag i nov.) går elevane rundt frå hus til hus i Ytre Gulen og sel lodd. Dette gjer dei på fritida si, og det er forledra og dei sjølve som står for gevinstane; nemleg kaker .
I denne tida blir det sett av timar i skuletida til ”Solidaritetsprosjektet”
Då har elevane både geografi, historie og samfunnskunnskap om Ukraina og litt om dei omkringliggjande landa.
Lørdag før farsdag lagar me til Ukrainakafé. Då får me låne kafeen på Byrknes Landhandleri gratis, foreldra bakar endå fleire kaker, elevane steikjer vaflar, og me viser bilete frå Ukraina.
Parallelt med dette samlar me inn kler og anna utstyr, som Byrknes Auto køyrer gratis til Lindås.
Barnehagen er også med. I stadefor å få pakkar av nissen, på grautfesten til jul, har barna i barnehagen komme til nissen med pakkar, som skal til barna i Ukraina.
I klasserommet har me både ukrainsk dokke i nasjonaldrakt og det ukrainske flagget. I fjor fekk me og besøk av Olena, Sergei og fleire ungdomar, og sat att med masse nye inntrykk og god informasjon. I tillegg fekk me både bilder og ukrainsk snop
Me har god kontakt med Inger Anne og Tommy Andersen på Hundvin, som fleire ganger har vore på besøk i klassen og fortalt frå turar til Ukraina. I tillegg har me fått bilder , tatt av Rune Kvamme, som gjer at me lettare kan forstå situasjonen til Olena og ungane på ”vår” barneheim.
No er me så smått begynt å planlegge for dette skuleåret si Ukrainaveke. Me prøver å fornye oss litt kvart år, men er klare på at det viktigaste er å få inn pengar til barneheimen ”vår”,- og at elevane ser kor godt det er å kunne hjelpe!
Byrknes barnehage- og skule 30. 8. 2010
Merete Misje og Torill Birknes