THK Stiftelsen
Klikk her for å lese dagens bibelord.

THK på Facebook
  • Forsiden
  • Kalender
  • Om oss
    • Hva er THK?
    • Historie
    • Frivillig
    • Traileren
  • THK arbeid
    • Humanitære hjelpesendinger
    • Child rescue i Kiev
    • Mor-barn senter i Korosten
    • Ovruch
    • Bibelskolen i Korosten
    • Rehabilitering for rusmisbrukere i Korosten
    • Pastorer, forkynnere
  • Nyheter
    • Nyheter
    • Reportasjer
    • Referater
  • Reiser
  • Trailer
  • Bilder
  • Bli frivillig
  • Støtt oss
  • Kontakt oss

Fra Leiknes skule til Ukraina

I høstferien var en gruppe fra bla Nordhordland på tur til Korosten.
Dei besøkte nokre av dei prosjekta som THK stiftelsen har i dette området .
To av deltakarane er elever ved Leiknes skule og dei hadde et spesielt oppdrag. Dei skulle overrekkje penger som skulen hadde samla inn under Ukraina aksjonen tidlegare i år. Pengane var ei gåve til eit barnehjem i Korosten. Det var Vendelin Fedje fra 7 klasse og Line Mari Svendsen fra 5 klasse som representerte skulen. I tilegg til gåva på vel 4000.-kr hadde dei med tegninger og gåver fra klassane sine på Leiknes skule. Ein gavesjekk saman med tegninger og gåver blei overrekt ledaren av barnehjemmet Olena Barchuk, gåva blei svært godt motteke og etter overrekkjinga hadde barna oppvisning for oss med sang og dans. Vi hadde også med kasser med frukt, ballonger og litt godteri til barna.
Olena takka hjarteleg for gåva og uttrykte ein stor takk til alle i Norge som støtta arbeidet. Barneheimen er eit rehabiliteringssenter for barn (MorBarn senter)der barn kan bu i inntil eit år. Senteret prøver saman med myndighetene og finne ein fosterheim til barna, eller helst at dei kan flytte tilbake til sin eigen familie. Mange barn lir under at familier går i oppløsning eller at foreldra rett og slett reiser og overlet barna til seg sjølv. Rusproblema er og store. Det er barn som ikkje har nokon stad og gjere av seg som kjem til senteret. Finanskrisa har i tilegg slått hardt ut for dei fattige i området og arbeidsløysa og prisane har auka kraftig .
Leiknes skule har gjennom fleire år hatt Ukraina aksjon for og samle inn penger til barn i Ukraina, både tivoli, kafe og mange andre kreative innslag har vore gjennomført. Skulen har og hatt innsamling av brukte klær og sko til humanitærhjelp under aksjonen. Responsen har vore svært god hjå bygdefolket.
THK stiftelsen (Tro Håp og Kjærlighet) ,som stod som arrangør av turen, har mange støttespelarar i Nordhordland og har faste innsamlingspunkt for humanitærhjelp i området. Thk traileren kjører fast til Ukraina og behovet for brukte klede og humanitærhjelp er fortsatt stort . Gruppa som var på tur fekk og følgje humanitærhjelpa heilt fram til dei fattige familiane som mottek humanitærhjelp, fra Norge. Takksemda er stor hjå folk som lever i stor fattigdom der.

Tekst og foto
Oddmund Eidsheim

Ved minnesmerke etter TsjernoylkatastrofenLine Mari og Vendelin på senteret sammen med Olenaovelevering av gaver og sjekk

 

 
 
Copyright © 2012 THK Stiftelsen. Alle rettigheter er reservert.
Admin | Intranett